Eg har arbeidd med folkemusikk heile livet. Somme tider blir musikken finast heilt og fullt som den er frå før. Andre gonger blir nye og givande perspektiv tilført ved å sette musikken inn i nye rammer.
Eg har arbeidd med folkemusikk heile livet. Somme tider blir musikken finast heilt og fullt som den er frå før. Andre gonger blir nye og givande perspektiv tilført ved å sette musikken inn i nye rammer.
– Å vere ein formidlar av folkemusikken inn i vår tid er for meg ein balansegang mellom leik og utfor sking på den eine sida, og kunnskap og forankring på den andre sida.
Jorun Marie Kvernberg er landskjent som folkemusikar. Instrumenta er først og fremst feler og eiga stemme. Alle som lyttar til musikaren, møter og formidlaren og men nesket – og stadig oftare komponisten. Vi snakkar om den musikalske vegen og retninga ho går.
– I yrket mitt har eg gått vegen frå utøvande musikar som komponerer, til å utøve komponering som ein sjølvstendig disiplin. Å bli komponist har vore eit karrieremål for meg, seier Jorun Marie, og legg til: – Folkemusikk ligg i botnen i alt eg har gjort. No vil eg gjerne sleppe taket og arbeide friare. Men eg trur at folkemusikken gjerne skin gjennom det eg gjer uansett. Og blir ikkje folkemusikk med, så er det òg greitt!
– Kva skal til for å komponere god musikk – med eller utan folkemusikk?
– I tillegg til den musikalske sida, er det ei praktisk side. Eg har utdanning som utøvar, men har ikkje ei formell utdanning i komponering. Derfor driv eg parallelt med sjølvstudium i faget, og vil blant anna arbeide for å få betre kjennskap til instrumenta eg ikkje spelar sjølv, korleis dei fungerer kvar for seg og i samspel, og korleis lage musikk som kling godt i desse instrumenta. Komponering krev eit godt handverk i tillegg til dei overordna musikalske idéane. Det ligg mykje arbeid frå det eg høyrer i hovudet mitt og fram til levande musikk framom eit publikum. Musikarane som skal framføre musikken min må m.a. få tilgang til alle idéane og tankane mine gjennom eit simpelt stykke papir med svarte prikkar og strek; ein note. Det krev at eg lærer meg dette språket veldig godt.
Festivalen er Skandinavias største for akustisk folkemusikk og internasjonal musikk. Førde festivalen presenterer seg slik: Om lag 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festival arrangement, med rundt rekna 25000 besøkande kvart år. Der har Jorun Marie vore mest kvart år dei siste tjue åra – både som utøvar og komponist av bestillingsverk.
– «Nordic Folk Sound Orchestra» under Førdefestivalen 2017, var eit stort og viktig prosjekt for meg. Med dette oppdraget fekk eg skrive for eit stort ensemble. Rundt rekna 40 profilerte folkemusikarar og solistar frå heile Norden var på scena som utøvarar. Så store format er utfordrande. Eg har lyst til å lære meir for å utvikle meg og beherske den store «paletten»...
Les hele artikkelen i Hustadvika Magasinet 04 2022
ØYSTEIN EIK [TEKST OG FOTO]