02 2022

Skyttelen går

Bjørg Hustad: – Eg blir kalla tekstilkunstnar, og det er eg kanskje.

Bjørg Hustad: – Eg blir kalla tekstilkunstnar, og det er eg kanskje. Først og fremst har eg lagt vekt på å utøve eit handverk, og var den første i landet som tok svennebrev i handvevarfaget. I lag med andre arbeidde eg for at dette skulle bli rekna som eit fag og få eit utdanning som fører til ein yrkestittel. Resultatet av dette arbeidet fekk vi i 1997. Seinare fekk eg meisterbrev i faget.

MEISTERBREV – Det er vel ikkje noko du får slik utan vidare? Kva ligg bak? – Bak både svennebrev og meister brev ligg det alltid mykje kunnskap og erfaring.

Rett før denne samtalen kom Bjørg frå eit oppdrag i Trøndelag som den eine av to medlemmer i prøvenemnda i handvevarfaget. Ho gler seg over kvar enkelt som får dokumentasjon på at dei har ei utdanning og at handvevar er eit yrke.

Bjørg Hustad fortel gjerne meir om dette. No skal vi først til det som skjedde i Molde domkirke søndag 27. mars i år.

SKAPERGLEDE i Guds hus. Det var tittelen på utstillinga av kyrkjetekstilar i domkirka ei vekes tid i månadsskiftet mars–april. Ved gudstenesta blei den siste messehakelen frå Bjørg si hand offisielt tatt i bruk – av fungerande sokneprest Ståle Johan Aklestad (bildet). 

– Å veve tekstilar til Gudshus har blitt mitt vitnemål om Guds nærvær. Eg har fått lov å bruke evnene min til å ære Gud. Eg er audmjuk og takksam for alle oppdraga som er gjeve meg. Utfordringane har utvikla meg åndeleg og fagleg. Slik takka Bjørg Hustad for oppdraget med å lage den nye messehakelen. Så fortalte ho om kort om andre oppdrag gjennom mange år ved vevstolen...

 Les hele artikkelen i Hustadvika Magasinet 02 2022

ØYSTEIN EIK [TEKST OG FOTO]

til alle artilker
Ved å klikke på "Godta" samtykker du i lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstedsnavigasjon, analysere nettstedsbruk og bistå i våre markedsføringsinnsats. Se vår personvernerklæring for mer informasjon.